
Den vitskaplege evidensen tyder på at effekten av antipsykotika ved akutte psykosar er så svak at midla knapt kan forsvare namnet sitt.
Trond F. Aarre
I januar 2025 publiserte Helsedirektoratet retningsliner for medikamentell behandling ved psykosar (1). Direktoratet skriv: «Erfaring viser at det oppleves uforsvarlig å ikke tilby antipsykotika». Når det står «oppleves uforsvarlig» og ikkje «er uforsvarlig», kan forklaringa vere at evidensen for behandlinga er svakare enn ein skulle tru. Sjølv om antipsykotika vert sett på som ein sjølvsagt, for ikkje å seie obligatorisk, behandling for akutte psykosar, viser forskinga at det er få som har avgjerande nytte av midla (2–6).
Kunnskap om nytten av antipsykotika er påtrengande viktig. Midla vert jamvel brukte i tvangsbehandling. Skal det vere akseptabelt, må vi stille ekstra høge krav til kunnskapsgrunnlaget og kjennskapen til det.
Les hele kronikken: Har antipsykotika effekt mot akutt psykose? (Tidsskrift for Den norske legeforening)
Legg inn en kommentar