barn i klatrepark
Psykolog ved Fhi er opptatt av å bygge robuste barn. Ill. foto: Colourbox.

Psykolog og forskar Kim Stene-Larsen meiner at vi bør bli flinkare til å identifisere barn som er i risikosonen for å få psykiske problem. Han trur at både foreldreoppfølging og skuleprogram kan ha stor effekt. 

Silje Pileberg

Det trengst meir enn folkeopplysingskampanjar for å førebygge sjølvmord på befolkningsnivå, meiner Kim Stene-Larsen ved Folkehelseinstituttet (FHI). Han har forska på psykologi, psykisk helse og suicidologi i ei årrekkje og meiner å sjå eit stort potensiale.

– I dag konsentrerer vi oss mest om problema etter at dei har oppstått. Men for hjarte- og karsjuk-dommar er det ikkje betre kirurgi eller medisinering som har hatt den største effekten. Det er betre livsstil, kutt av røyk og alkohol. Eg trur det er mogleg å få til noko liknande på sjølvmordsfeltet, seier han.

– Kjem vi inn tidleg, kan vi kanskje hindre at problema oppstår i det heile tatt, held han fram.

Særleg er han opptatt av barn og unge, og der skisserer han to viktige grep: Det eine er å bygge robuste barn. Det andre er å minimere talet på negative hendingar dei opplever.

Les hele artikkelen:  – Vi må bygge robuste barn (Suicidologi)