Dårleg søvn aukar risikoen for å falle ut av arbeidslivet. Ill.foto: nyul, iStockphoto
Dårleg søvn aukar risikoen for å falle ut av arbeidslivet. Ill.foto: nyul, iStockphoto

Vedvarande søvnvanskar aukar risikoen for både psykiske lidingar og kroppslege plager, viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.

Vedvarande søvnvanskar, eller insomni, er å ha vanskar med å falle i søvn eller hyppige nattlege oppvakningar fleire dagar i veka over lengre tid. Ved insomni opplever ein også redusert funksjon på dagtid. Internasjonale studiar anslår at rundt 10 % av befolkninga slit med dette.

I denne studien har forskarar ved Folkehelseinstituttet, i samarbeid med ei rekke andre institutt, funne at insomni er assosiert med følgjande tilstandar/sjukdommar etter 11 år:

  • Mentale lidingar: angst og depresjon
  • Fysiske tilstandar: fibromyalgi, leddgikt, whiplash, beinskjørheit, hovudpine, astma, og hjarteinfarkt

Resultata støttar tidlegare studiar som har funne at dårleg søvn er assosiert med redusert helse, men denne studien er ei av dei første store undersøkingane som har undersøkt konsekvensane av insomni i eit så stort utval over så lang tid.

Les mer her: Vedvarande søvnvanskar aukar risikoen for dårleg helse

Disclaimer: Bildene i PsykNytt er illustrasjonsfoto.