
Databasen Martindale er frå desember 2012 tilgjengeleg både gjennom databasen Lexicomp og som sjølvstendig oppslagsverk frå Medicines Complete.
Martindale: The Complete Drug Reference har som mål å
– oppsummere klinisk nyttig informasjon om dei legemiddel som er i bruk internasjonalt
– gi nøyaktig, uavhengig, fyldig, oppdatert og evaluert informasjon i eit konsist format
– integrere referansar til den evidensen som informasjonen bygger på
Dei rundt 6 000 legemiddelomtalane er ordna i terapikapittel etter effekt. Dei gir informasjon om bruk og administrasjon, biverknader, interaksjonar, farmakokinetikk og fysikalsk-kjemiske eigenskapar, og omfattar også nomenklatur og klassifiseringskodar, inkludert ATC. Martindale har dessutan fyldige register over handelsnamn og produsentar.
Martindale inneheld også informasjon om vitamin, vaksinar, diagnostika, legemiddel til dyr, alternativ medisin, farmasøytiske hjelpestoff, desinfeksjonsmiddel, pesticid, medisinske gassar og misbrukslegemiddel.
Les mer her: Martindale – no også som eige oppslagsverk i Helsebiblioteket
Disclaimer: Bildene i PsykNytt er illustrasjonsfoto.
Legg inn en kommentar