
Det må leggast ein plan for handtering av covid-19-smitte innan psykisk helsevern. Covid-19-pandemien påverker alle.
Av Jeanette Bjørke-Bertheussen og Melissa Weibell
I samfunnet vil arbeidsløysa auke, me får kvardagen endra, og mangelen på struktur vil for mange ha konsekvensar i lang tid framover.
Folk med eksisterande lidingar kan få ei forverring grunna begrensa behandlingstilbod som følgje av smittevernstiltak, og me kan forvente ein auke i nyoppståtte lidingar hos folk som er sårbare for dei drastiske strukturelle samfunnsendringane me no erfarer.
I spesialisthelsetenesta er det fokus på korleis ein skal handtere ein forventa stor straum av akutte medisinske pasientar med alvorlege luftvegssymptom. Korleis er stoda på lukka psykiatriske sengepostar?
Les meir: Covid-19 på lukka psykiatriske sengepostar (Tidsskrift for Den norske legeforening)
Legg inn en kommentar