Bokforside
Skildringane av lovstridig og krenkande bruk av tvang er skakande lesnad.

Dette er ei bok som mange vil late seg rive med av, ei engasjerande og lettlesen skildring av dei faglege og etiske vanskane som pregar faget.

Anmeldt av Trond F. Aarre  

Ho rettar seg mot eit vidt publikum og vil vere av interesse for alle som er opptekne av rolla til psykiatrien i samfunnet. Mjaaland skriv yrkesautobiografi. Ettersom alle personar er anonymiserte, er det uråd å etterprøve det ho skriv. Ho gjer det klårt at målet hennar er attkjenning på systemnivå, ikkje på individnivå. Lesaren har ikkje anna val enn å ta henne på ordet og tru på det ho skriv. Det trur eg vi kan gjere.

Ho byr oss den djupt personlege, subjektive sanninga. Boka skildrar psykiatrien i samtida og den nære fortida, slik forfattaren møtte den i arbeid ved Lier sjukehus (del 1), Blakstad sjukehus (del 2) og Drammen DPS (del 3). Framstillinga kretsar i stor grad kring velkjende dilemma som bruk av tvang og spenninga mellom kontroll og tillit. Mjaaland er svært oppteken av faglege hierarki, dominans og makt mellom kollegaer. Skildringane, særleg frå Lier og Blakstad, er nifse og skulle helst ha vore vitnemål frå ei fjern fortid.

Dersom makta gjev seg slike utslag for ein som sjølv er med på å utøve henne, kan me berre lure på korleis makteslause pasientar må oppleve det. Skildringane av lovstridig og krenkande bruk av tvang er skakande lesnad som byggjer opp under kritikken mot tvangsbruken i norsk psykiatri. Ho viser korleis inngripande tiltak vert vedtekne som institusjonell policy utan den individuelle vurderinga som lova krev. Mjaaland verkar desillusjonert over både faget og institusjonane. Ho peikar på at det er i somatikken at den medisinske logikken har gjeve oss mirakel, ikkje i psykisk helsevern.

Les meir: Tankevekkjande om livet som psykiater (Tidsskrift for Den norske legeforening)

Marianne Mjaaland Tvang og tvil En innsideberetning fra norsk psykiatri. 351 s. Oslo: Kagge forlag, 2017. Pris NOK 399 ISBN 978-82-489-1969-8