bokforside
Boka beskriiv eit vidt spekter av kliniske diagnosar, som cerebral parese, adhd, rusmiddelavhenge, lærevanskar, traume og dissosiative tilstandar.

Boka er ifølge forlaget egna som lærebok for fleire utdanningar, frå medisin og psykologi til pedagogikk og miljøterapi.

Anmeldt av Knut Asbjørn Ulstein

Fleire erfarne forfattarar knytta til ulike fagmiljø og profesjonar har bidratt i boka. Boka er bygd opp av to hovuddeler, ein generell og ein klinisk del, med 33 enkeltkapittel som femner om dei fleste synsvinklar på barn og unges utvikling. Vi får oppdatert kunnskap om hjernen sin oppbygning og plastisitet, oppsummering av utredningsmetoder og behandlingsformer.

Siste 200 sider er sette av til eit vidt spekter av kliniske diagnosar, som cerebral parese, adhd, rusmiddelavhenge, lærevanskar, traume og dissosiative tilstandar. Innhaldsoversikta er på 14 sider og bidrar til at boka fungerer som eit oppslagsverk.

Les meir: Ei etterlengta oppslagsbok (Tidsskrift for Den norske legeforening)

Anne-Grethe Urnes, red. Den interaktive hjernen hos barn og unge Forståing og tiltak ved nevroutviklingsforstyrrelser og nevropsykiatriske tilstander. 394 s. Oslo: Gyldendal, 2018. Pris NOK 519 ISBN 978-82-05-51093-7