
Eit mindretal av dei som har angst, depresjon og alkoholproblem oppsøkjer helsetenesta for å få hjelp. Og dei som gjer det, får ikkje alltid den hjelpa dei treng.
Det viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.
– Gjennom media kan ein av og til få inntrykk av at mange har ein låg terskel for å definere vanlege problem som psykiske lidingar og så få behandling for dei. Tala i studien vår tyder derimot på at dette biletet er feil. Det er få som oppsøker helsetenesta og får hjelp for plagene sine, seier forskar ved Folkehelseinstituttet, Fartein Ask Torvik.
Han har leidd studien som viser at dei fleste med vanlege psykiske lidingar ikkje blir behandla. I studien har forskarane sett på angst, depresjon og alkoholmisbruk. Dei intervjua 2271 unge vaksne om personlegdom og psykisk helse og kopla dette til registerdata frå helsetenesta for til saman 11 727 personar. Registerdata inkluderer dei 2271 og i tillegg mange fleire. Forskarane undersøkte kor mange som hadde vanlege psykiske lidingar ifølgje intervjuet, og kor mange av desse dei fann att i helseregistre som har data frå allmennlegane og frå spesialisthelsetenesta (mellom anna sjukehus og poliklinikkar).
80 prosent med angstlidingar får ikkje hjelp
Blant dei som ifølgje intervjuet hadde depresjon, hadde vel ein av tre (36 prosent) fått depresjonsdiagnose hos fastlegen. Litt under halvparten av desse (15 prosent) hadde blitt behandla for depresjon i spesialisthelsetenesta. Dette tyder på at omtrent to tredelar korkje hadde fått depresjonsdiagnose eller behandling. Fordi dei anten ikkje hadde oppsøkt hjelp eller at problema ikkje vart fanga opp av helsepersonell. Blant dei som hadde ei angstliding, hadde om lag ein av fem (21 prosent) fått angstdiagnose hos fastlegen og om lag like mange (18 prosent) hadde fått henvisning og behandling for angst i spesialisthelsetenesta. Det betyr at omtrent 80 prosent anten ikkje hadde tatt kontakt med helsetenesta for å få hjelp med angsten, eller fått rett hjelp då dei gjekk til lege.
Les meir: Dei fleste med vanlege psykiske lidingar blir ikkje behandla (FHI)