
Eg er ikkje innstilt på å bruka entusiasme og seine kveldar på eit garantert tapsprosjekt, same kor ministeren trugar.
FASTLEGEDASKING. På fjernsynet, i beste sendetid, står helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og daskar fastlegar. Det har blitt ei vanleg sportsgrein over nokre år, og nyss var NAV ute i same ærend: «Fastlegane vil ikkje lya».
Eg veit ikkje av andre faggrupper som lyt tola så mykje peppar frå departement og direktorat: Fastlegane gjer for lite av førebyggande arbeid, dei slankar ikkje dei feite, dei lærar ikkje røykande å slutta eller sedate å springa. Sjukmeldingar er feil.
No er tida for kjeft og press: – Set i gong, vert tilgjengelege! – Finn risikantar! – Rydd opp i ulivnaden! Det puritanske raseri manglar sidestykke. Berre i kristendomen sine mest ekspansive maktperiodar har kravet om å leva det «gode» liv vore tilsvarande sterkt. Det er sjølvsagt makthavarane som definerer det gode liv.
Disclaimer: Fotografiene i PsykNytt er illustrasjonsfoto, og personene på bildene har ingenting med sakene å gjøre.
